Det lokale el-tilsyn (DLE)

Austevoll Kraftlag SA er pålagt å føre tilsyn med alle elektriske installasjonar i vårt konsesjonsområde.

Vi er pålagt av Produkt og Elektrisitetstilsynet å kontrollere minimum 5% av einebustadar og hytter, samt 10% av industri, skular, helseinstitusjonar, landbruk, fiskeoppdrett m.m. kvart år.

Hovudoppgåva til det lokale elektrisitetstilsyn (DLE) er å drive med elektrisitetstryggleik. Dette vert utført ved å kontrollere anlegga, samt å informera om elektrisitetstryggleik. Det vert også utgjeve eit tidsskrift. "Vår energi" til samtlege kundar.

Austevoll Kraftlag SA har per 01.04.2019 4460 nettkundar.

DLE oppfordrar kundane om å ta ein sjølvkontroll av anlegget sitt med jamne mellomrom. Dersom ein finn brente kontaktar, opne spenningsførande delar eller liknande, må ein kontakte DLE ved Austevoll Kraftlag på telefon 55 08 00 00 omgåande.

I dag er denne kontrollen gratis.

Hugseliste for ei trygg julefeiring

Jula nærmar seg med stormskritt. Forventningane er skyhøge frå både barn og vaksne! Visste du at desember er månaden med rekordmange bustadbrannar? Dei fleste av dei har elektrisk årsak og kunne ha vert unngått.

Elektrisk årsak kan bety ulike ting: Feil på elektrisk utstyr eller anlegg, eller feil bruk av elektrisk utstyr.

Menneskeleg svikt
Tørrkoking er den vanlegaste brannårsaka i norske heimar. – Det er utruleg enkelt å unngå tørrkoking. Tørrkoking skyldast rett og slett menneskeleg svikt, seier Jarle Vae hos Austevoll Kraftlag SA. Du unngår tørrkoking dersom du alltid:

  • Husker å skru av komfyren etter bruk.
  • Ikkje forlèt komfyren mens du lager mat.
  • Ikkje lager mat i berusa tilstand, eller når du er trøtt.
  • Installerer komfyrvakt.
  • Fjernar brannfarleg matfeitt frå kjøkkenvifta.

Bruker du auga, øyrene, nasa og fornufta kan du enkelt unngå ein komfyrbrann.
– Alle burde ha komfyrvakt på kjøkkenet. Den reddar liv. Det kan jo vere ei fin julegåve til nokon du er glad i, seier Vae.

Dobbeltsjekk julebelysninga
Mange har allereie funnet fram julepynten som har lagt bortgøymt sidan i fjor. Mykje av den er elektrisk. – Du bør sjekke at all elektrisk julepynt fungerer sånn som den skal. Koplingane inni juletrelysa kan for eksempel bli dårlege over tid. Det kan føre til varmgang og i verste fall brann, fortel Vae.

Her er nokon smarte regler å følge når det gjeld elektrisk julepynt:

  • Slå alltid av julebelysning om natta og når du ikkje er heime.
  • Plasser adventsstakar og julebelysning i god avstand frå brennbart materiale.
  • Sjå etter svimerker på lamper og dekorasjonar.
  • La aldri leidningar gå over dørterskler eller gjennom vindauget. Unngå at den kjem i klem eller får brotskadar.
  • Kjøp juletrebelysning av god kvalitet. Sjekk at produktet er CE-merka.
  • Benytt LED-belysning. Dei blir ikkje like varme som tradisjonell julebelysning.
  • Bruk skøyteleidning og belysning berekna på utandørs bruk når du pyntar ute.

 

 

 

 

Auka straumforbruk aukar brannrisiko
Det er ikkje berre julebelysning som er skyld i at desember er ein «brannmånad». Det er kaldt ute, og vi skrur opp varmen. Auka straumforbruk aukar brannrisikoen.

– Vi lever i ein elektrisk verden, og har så mykje elektrisk utstyr som krev straum at det er ikkje alle heimar som er tilpassa denne nye kvardagen, seier Jarle Vae.

Han anbefaler alle å la ein registrert elektrikar ta ein grundig sjekk av det elektriske anlegget. – I tillegg bør du jo sjekke litt sjølv også. Sjå etter brunsvidde støpsel og stikkontaktar, sjekke sikringar og sjekke jordfeilbrytaren, avsluttar han.

foto: Elsikkerhetsportalen