Endring av kundeforhold

Elektronisk skjema for bestilling av nettleige: Ny kunde

Elektronisk skjema for oppsigelse av nettleige: Avsluttande kunde

Skjema på PDF for bestilling og oppsigelse: Flyttemelding

If you need the form in english click here.


Avsluttande kundar:

Du er ansvarleg for straumforbruket så lenge kundeforholdet står i ditt namn. Ved tinging og oppseiing som gjeld same anlegg, er det lurt at den som flyttar ut les av straummålaren saman med den som flyttar inn.

Austevoll Kraftlag ynskjer at alle avsluttande kundeforhold vert meldt via flyttemeldinga du finn øvst på sida. Her skal òg opplysningar om ny kunde på anlegget fyllast ut. Dette gjeld ved eigarskifte, samt dersom det dreier seg om eit leigeforhold. Ingen endring av kundeforhold vert teken før me får denne signerte meldinga.

Dersom du flyttar frå Austevoll Kraftlag sitt område takkar vi for at du var kunde hos oss og ynskjer deg velkomen igjen!

Om du har part i Austevoll Kraftlag må denne innløysast eller overførast dersom du ikkje lenger er kunde hos oss. Ta kontakt på telefon 55 08 00 00 ved spørsmål.

Nye kundar:
Ved tinging og oppseiing som gjeld same anlegg, er det lurt at den som flyttar ut les av straummålaren saman med den som flyttar inn.

Me ynskjer at alle nye kundeforhold vert meldt via flyttemeldinga du finn øvst på sida. Ingen endring av kundeforhold vert gjort før me får denne signerte meldinga.

Dersom du er ny kunde hos Austevoll Kraftlag, vil vi få ynskje deg velkomen!

Ynskjer du informasjon og søknadsskjema for kjøp av part? Ta gjerne kontakt på telefon 55 08 00 00.

Endre rekningsadresse:

Hugs at dersom du endrar rekningsadresse må du gje oss beskjed. Ring vårt kundesenter på 55 08 01 00 eller send ein e-post til firmapost@aksa.no