Ny ordning for kompensasjon ved langvarig straumavbrot

Frå 1. januar 2007 er det innført ei ny ordning for utbetaling av kompenasjon til nettkundar som opplever straumbrot over 12 timar samanhengande.

Austevoll Kraftlag SA har høg leveringstryggleik med ei oppetid på gjennomsnittleg 99,99 % i 2007. Dersom kundar allikevel skulle oppleve meir enn 12 timar samanhengande straumbrot, kan dei frå 1. januar 2007 søkje om økonomisk kompensasjon som følgje av straumbrotet.

Søknad om kompenasjon skal leverast skrifteleg på eige skjema. Ordninga med kompenasjon ved langvarige straumbrot over 12 timar gjeld både for private- og næringskundar.

Ordninga gjeld ikkje anlegg med avtale om overføring med utkoplingsklausul. Les alt om kompensasjonsordninga her.