Straumavbrot?

Før du kontaktar oss kan du undersøkje om årsaka til straumbrotet ligg i ditt eige anlegg:

1. Har naboen straum?
Er fleire hus utan straum, ligg feilen sannsynligvis hos Austevoll Kraftlag. Gjeld det eit stort område, veit vi som regel om det. Har du høyrt smell eller sett glimt eller røyk, er vi takksame om du ringer vår feilmeldingstelefon: 55080400.

2. Har jordfeilbrytaren slått seg ut?
Klarer du ikkje å slå den på igjen, kan du skru ut/slå av alle sikringar og slå på jorfeilbrytaren igjen. Så skrur du inn/slår på ein og ein sikring til du finn sikringskursen med feil. No kan du slå av eller trekkje ut kontakten på alle apparat som får straum frå denne kursen, og slå på eit og eit til du finn "syndaren". Dette må koplast frå.

3. Sjekk hovudsikringane!
Skift alle, enten du har to eller tre. Har du luftleidningar til huset er desse sikringane ofte plassert på loft.

Ta kontakt - vi er i beredskap!

Straumbrot kan ha mange årsaker: uvær, lynnedslag, teknisk feil eller graveuhell. Vi er på vakt døgnet rundt for å rette feil dersom uhellet er ute.

Lynnedslag i straumnettet er ofte årsak til feil og straumbrot. Dessutan kan eit lynnedslag skade elektronisk utstyr. For å unngå skader ved lynnedslag kan du få ein elektrikar til å innstallere overspenningsvern. Dette kan hindre skader på utstyr.

Dersom ein ikkje har overspenningsvern bør ein trekkje ut støpselet på elektrisk utstyr ved torevèr for å unngå å øydeleggje utstyret eller i verste fall, forhindre brann. Særlig elektrisk utstyr som TV, radio, PC og modem er utsett.

Jordfeilbryter
Dei fleste heimar har jordfeilbrytar, men om du ikkje har det, eller om du har mistanke om at den ikkje fungerer godt nok, bør du sørge for å sjekke dette. Me anbefaler sterkt å installere jordfeilbrytar dersom ein ikkje har det.