ENØK

Enøk betyr å redusere energibruken og bruke energien på ein fornuftig måte. Prøveprosjekt i bustader og industribygg viser at du kan spare mellom 20 og 30 prosent ved hjelp av enkle ENØK-tiltak. Og kanskje det viktigaste for deg - energibruken kan reduserast uten at du må senke kravet til komfort.

Gjennomsnittsforbruket for ein einebolig er mellom 20 000 og 25 000 kWh i året. På desse sidene gir vi deg informasjon om korleis du kan få eit bedre innemiljø og ein lavare straumrekning.

1. Monter sparedusj
Sparedusjane ein får kjøpt idag er veldig effektive uten å redusere komforten. Ein sparedusj reduserer varmtvannsforbruket med 50%, noko som i ein gjennomsnittleg husholdning betyr ein årlig besparelse på kr. 1000-1500,-

2. Bruk sparepærer
Skift til sparepærer. Dei bruker kun 20% av energiforbruket til tradisjonelle pærer og vil spare deg for kr. 400,- per lyspære i løpet av pæras levetid.

3. Tettelister
Sørg for at det er gode tettelister rundt vinduer og dører. Dette hindrar trekk, og aukar komforten i huset.

4. Slå av lys
La tomme rom vere mørke rom.

5. Innkjøp av elektrisk utstyr
 Ver bevisst på energiklasse når du kjøper elektrisk utstyr, dette viser kor mykje straum apparatet bruker.

6. Lufting
Du bør lufte kort og rakst i stadan for å la vindu og dører stå på gløtt over lengre tid. Rask utlufting skiftar ut lufta hurtig, og kjøler ikkje ned tak og veggar.

7. Ventilasjon
Reduser ventilasjonen om vinteren, men ikkje steng den heilt.

8. Oppvask- og vaskemaskin
Fyll opp maskinene heilt før du setter dei på.

Eit par noko meir krevande, men effektive tiltak:

9. Varmepumpe
Å installere varmepumpe blir rekna som eit ekstremt energiøkonomisk tiltak i dei fleste tilfeller. Du kan redusere energiforbruket med opp til 50%. Les meir om varmepumper frå Kraftlaget her.

10. Etterisolering
I dårlig isolerte og uisolerte hus vil etterisolering kunnde gje store besparelser. Dette er eit omfattande grep, og bør først vurderast av fagfolk.

*tal frå Enova