Kabelpåvising

Alt gravearbeid i Austevoll skal sjekkast ut med Austevoll Kraftlag SA, dersom dei har installasjonar i området. Det er entrepenøren/den som grev som har ansvar for at dette blir utført og dokumentert. Om det skulle oppstå skade på våre anlegg, er det den som grev som er erstatningspliktig. Uautorisert graving kan føra til store reparasjons- og utfallskostnadar. I tillegg kjem faren som entrepenøren utset seg for ved evt. å koma i kontakt med og skade høgspentanlegg.

I opningstida kan du ringa 55 08 00 00 hos Austevoll Kraftlag SA. Dei vil då sette deg i kontakt med driftsavdelinga. Hos oss vil du få detaljerte opplysningar om kor det ligg kablar i det aktuelle området.