Leveringsplikt

Dersom du ikkje har avtale med ein kraftleverandør, vil du likevel få levert straum frå ditt lokale nettselskap. I Austevoll Kommune er det Austevoll Kraftlag SA som har plikt til å levere straum til kundar som manglar kraftleverandør.

Denne ordninga vert kalla leveringsplikt og er oppretta av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Tariffen består av månedleg gjennomsnittspris for spotkraft + eit påslag på 5,0 øre/kWh inkl. mva. Etter seks veker auker påslaget til 10 øre/kWh inkl. mva. Dette vert fakturert saman med nettleiga.

Leveringsplikt er ein dyr avtale for deg som kunde. Om du ikkje har ei avtale med ein krafteverandør, anbefalar vi at du skaffar deg dette snarast for å sikre deg best mulige betingelsar.

Oversikt over prisar og leverandørar finn du på Forbrukerrådet sine nettsider.