Nettleige

Nettleige er det du betalar for å være tilknytta straumnettet. Leiga går til å dekke kostnadane ved ein stabil og sikker straumforsyning.

Uansett kven du kjøper straumen av, går den gjennom vårt linjenett, over fjorder og fjell, via master og sjøkablar. Dette nettet vedlikeheld seg ikkje sjølv.

Gjennom nettleiga betaler du for at vi bygger og oppgraderer transformatorar og kraftledningar, rydder skog og rykker ut når uvær har ført til feil på linja. Vi er i sving 24 timar i døgnet, året rundt. Takket være dette har vi ein leveringssikkerhet i strømnettet vårt på heile 99,99 %. Vårt mål er å sørge for at det fortsatt skal være sjølvsagt for deg å ha straum.

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som fastsett rammene for kor mykje Austevoll Kraftlag og andre nettselskap kan ta inn i nettleige. Om lag halve nettleiga er offentlege skatter og avgifter.