Nye straummålarar

HAN porten i den nye Smart målaren

Alle målarane er utstyrt med ein fysisk utgang, ein standardisert port ofte kalt HAN-porten.
Gjennom HAN-porten vil straumkunden kunne få detaljert informasjon om straumforbruk i øyeblikket, straumforbruk siste time, spenningsnivå og overskuddskraft som matast inn i straumnettet.

Av personvernhensyn er det naudsynt å sikre data frå HAN porten. Det betyr blant anna at plassering av målaren er sikra slik at uvedkomande ikkje kan få tilgang til målaren.

HAN-porten er som standard stengt. Du må kontakte ditt lokale nettselskap for å få den opna.
Austevoll Kraftlag SA opnar HAN porten i målaren på førespurnad frå kunde, eller du kan benytte vårt elektroniske skjema: Opne HAN-port