Veglys

Austevoll Kraftlag overtok i 1998 Austevoll Kommune sine veglys, bortset frå veglys knytt til skuler, idrettsanlegg og andre kommunale bygg og anlegg.

Det er utarbeid ein plan for utbygging av veglys i kommunen som Kraftlaget fylgjer. Austevoll Kommune og Statens Vegvesen betaler årleg eit tilskot til utbygging, drift og vedlikehald av veglys. Årlege underskot på drift og vedlikehald av veglys må dekkast av Austevoll Kraftlag. I 2008 utgjorde dette 705.000,-.

Ta gjerne kontakt om du ynskjer meir informasjon.

Ønsker du å melde feil på veglys, ver venleg å nytta vårt skjema her: Veglys